Leverpostei - oppskrift

Ingredienser: Eit halvt kilo svinelever 250 gram spekk Ein halv lauk 1 dl kveitemjøl 3 ansjosfiletar 2 egg 1 dl fløyte 2 ts salt ½ ts pepar Litt ingefær og litt timian
Tilberedning: Skjær lever, spekk og lauk i bitar, brun det så vidt i ei glovarm steikjepanne med smør, og mal det to gonger i kjøtkvern. Ha det i ein foodprosessor eller bruk handmiksar, og kjør det saman med dei andre ingrediensane. Fløyten skal hellast i litt etter litt. Smør ei eldfast form, ha massen i og steik det i vassbad i omnen på 175 grader i om lag ein time. For å vera sikker på at posteien er ferdig, stikk ein gaffel nedi midten av forma, vipp opp massen og sjå at det er skikkeleg steikt.

Klikk på facebookikonet for å dele denne
oppskriften med vennene dine